- Total mangel på bærekraft i Nordland Fylke
Kjetil Tvedt, fagsjef for rekruttering og kompetanse i Norsk Industri er sterkt kritisk til at Nordland fylkeskommune ikke vil opprette to klasser i VG2 Industriteknologi ved Saltdal videregående skole.
Her er innlegget hans:
Dimensjonering av vidaregåande skule avgjer kor mange klassar kvar skule får og i kva fag. Dette burde vere ei sentral oppgåve for fylkespolitikarar, men slik er det ikkje i Nordland fylke, der ein i stor grad har delegert denne oppgåva til administrasjonen.
Absurde ting skjer. I 2018 vart tilbodet om VG2 Industriteknologi lagt ned i Mo i Rana, etter ein hestehandel der ein av Norges mest industriavhengige byar skulle opprette VG2 Bilskade og lakk i staden.
Industrien i Mo i Rana anslo den gangen behovet for lærlingar frå VG2 Industriteknologi til å vere opp mot 100 lærlingar i året, men vart ikkje høyrt og linja vart lagt ned.
I skuleåret 2021/2022 får Mo i Rana heldigvis tilbodet om VG2 Industriteknologi tilbake, og kan utdanna lokale ungdommar til jobb i den lokale industrien, slik alle vil.
Vårt mål er at flest mulig skal få tilbud om videregående opplæring av god faglig kvalitet nær der de bor. For mange unge er det tøft å skulle flytte hjemmefra og bli borteboer i en så ung alder. Derfor er det vesentlig at fylkeskommunen etterstreber å ha et tilbud i nærheten av elevene så langt det lar seg gjøre (henta frå Politisk plattform 2019-23 for Nordland fylke, signert Arbeiderpartiet, Senterpartiet, KrF og Venstre).
Men no har det skjedd igjen. I Indre Salten, et hovedsete for Industrien i Salten med ca. 700 tilsette, og har stort behov for fleire fagarbeidarar. Det investeres milliardar i ny miljøteknologi, og vidare og planer for å utvide industrien er på gang.
Saltdal VGS har i 2021 så mange søkarar at ein kan opprette to klassar med VG2 Industriteknologi. Industrien jublar, for dei treng lokale ungdommar som vil inn i industrien. Skulen står klar med lokale og undervisningskrefter. Trass i at alt ligg til rette for det, og trass i fagre løfter, så har fylket gått inn for å ikkje opprette ein klasse nummer to i Saltdal. Attende står skuffa unge, skuffa bedrifter og skuffa skule.
For Norsk Industri er det og ein nedtur. Vi har sidan 2018 hatt årlege kampanjar der influencarar besøker industribedrifter og forteller om korleis det er å jobbe der. I Nordland har vi fått 75 prosent fleire søkarar til VG2 Industriteknologi sidan 2018, og det er åtte ganger så mange jenter som søker VG2 Industriteknologi.
Industrien vil få ytterlegare mangel på lærlingar når Freyr skal opne batterifabrikk i Mo i Rana, der det trengs det fleire hundre fagarbeidarar. Fleirtalet i fylkeskommunen har laga ein politisk plattform med ei rekke gode intensjonar, men det er vanskelig å sjå korleis ein når desse måla ved å ikkje gi ungdommen i Saltdal mulighet til lokal utdanning til lokale arbeidsplassar til den lokale hjørnesteinsbedrifta. Mange av bedriftene det er snakk om sitter med ein nøkkel i det grønne skiftet. Nexans lager straumkablar i verdensklasse, Elkem innsatsfaktorar til grønn omstilling.
• Det å begrense klimaendringene og å utvikle bærekraftige samfunn er vår tids største utfordring, men det grønne skiftet innebærer også historiske muligheter til utvikling og det å skape nye arbeidsplasser. (Politisk plattform)
Å opprette denne klassen i Saltdal er bærekraftig for ungdom, industri, lokalsamfunn og globale utslepp. Kjære Nordland fylkeskommune. Det er ingen skam å snu – opprett to klassar med VG2 Industriteknologi ved Saltdal VGS, så blir industrien og innbyggjarane glade og kan leve lukkeleg i eit litt meir bærekraftig fylke.
Kjetil Tvedt, fagsjef rekruttering og kompetanse i Norsk Industri