Tomas Bruvik, generalsekretær i Landslaget for lokalaviser.

Saltenposten 30 år:

Gratulerer med 30 år, Saltenposten!

Saltenposten er framleis ein ungdom – ein vital, sprek og dyktig ungdom som kvar einaste dag held lesarane sine oppdatert og opplyst.

Publisert

30 år er eigentleg ingen alder – i dag er det ungdommen sjølv! Når ei lokalavis snakkar om dei ein skal skriva om, så snakkar ein om dei unge under 50.

Difor er Saltenposten framleis ein ungdom – ein vital, sprek og dyktig ungdom som kvar einaste dag held lesarane sine oppdatert og opplyst. Det er ingen andre som kan gjera akkurat den jobben slik Saltenposten gjer. De er avisa som er nær, og som tek vare på folk.

Lokalavisene er oksygenet i demokratiet vårt. Ser vi til land som USA og Tyskland, ser vi kva som skjer når lokalavisene forsvinn – det er både skummelt og alvorleg. Lokalavisa skal engasjera, irritera, gle seg saman med og opplysa både dei som bur i nedslagsfeltet og dei som har flytta ut, men vil følgja med på det som skjer «heime». Avisa skal vere ei kritisk røyst – og ei som heiar når det er på sin plass.

Eg har over tid blitt godt kjend med mange av medarbeidarane i Saltenposten – ein entusiastisk gjeng som brenn for det dei gjer, både på merkantil og redaksjonell side. Det er imponerande å sjå korleis de held fram i ei brytingstid for lokalavisene. Papiravisa skal takast vare på så lenge det er mogleg, samtidig som utviklinga digitalt er heilt naudsynt. Saltenposten har tatt store steg i rett retning – og leverer solid og god journalistikk kvar einaste dag.

Berre i fjor hadde Saltenposten to artikkelseriar som var i finalen til LLA sin journalistpris i år. Avisa hamna heilt oppe på pallen og fekk fortent heiderleg omtale for dekninga av tragedien i Sørfold. Det seier mykje om kvaliteten og samfunnsrolla dykkar.

Vi i Landslaget for lokalaviser (LLA) likar å seie at lokalavisene er grunnfjellet i den norske pressefloraen. Dei følgjer barn og unge frå oppvekstvilkår til fritidsaktivitetar, frå skulegang til kulturliv. Dei løftar frivilligheit og lokalpolitikk, gjev rom for samfunnskritiske artiklar og skapar gode debattar. 

Lokalavisa følgjer lokalsamfunnet sitt – på godt og vondt. Ho set søkjelys på det som burde vore betre, til dømes i tenestetilbodet frå kommunen eller i arbeidslivet.

Difor skal innbyggjarane i Fauske, Saltdal, Sørfold og Beiarn vera stolte og glade for å ha ei god, ung og viktig lokalavis – som på sikt kjem til å bli gammal, og forhåpentlegvis like viktig i mange tiår framover.

Ta vare på lokalavisa. Abonner. Les. Og hugs kor viktig det er å ha ho.

Gratulerer med dagen, Saltenposten – vi gler oss til dei neste 30!

Powered by Labrador CMS