Skribenten reagerer på bruken av engelske ord og navn på blant annet næringsbygg i Salten. Foto: Helge Simonsen
Skribenten reagerer på bruken av engelske ord og navn på blant annet næringsbygg i Salten.

Debatt

- Fint skal det vere..

- Det er ikkje rart at også imperiespråket tar over i vårt land, skriver Brigt Kristensen.

Publisert Sist oppdatert

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til Saltenposten til epost redaksjonen@saltenposten.no

AN sist fredag og Saltenposten lørdag bruker førstesida på snorklipping for Wenberg Innovation Park, i AN også kalt Stingray-bygget etter største leigetakar, Stingray Marine Solutions. Vi får også vite at bygget er BREEAM Excellent-sertifisert.

Mitt skråblikk på Wenbergs investering skal ikkje handle om lakseskatten, sjøl om AN bruker ein stor del av sin reportasje på nettopp den.

For på kronikkplass over nesten to sider i same avis vil statsrådane Borten Moe og Trettebergstuen redde det norske fagspråket: ”Det såkalla domenetapet for norsk språk har skjedd i dramatisk hastigheit og omfang: Rundt 90% av den vitskapelige publiseringa (frå norske forskingssenter og universitet) er no på engelsk.” Derfor fikk vi ei ny språklov i fjor; språket er berar av kultur og historie og eit grunnlag for demokratiet, ifølge dei to: ”Vi er ille ute om vårt felles språk mistar relevans på nokre av våre viktigaste arenaer.”

I tillegg til det akademiske livet er næringslivet ein av desse arenaer der engelsk tar over. No også i Skysselvika på Leivset-sida av Finneidstraumen.

I Bodø har det lenge vore likeins; eit pinlig eksempel på husmannånda er ”The Storm” som namn på høgbygget eit steinkast frå Stormen kulturhus.

Til AN for eit par år sia meinte direktørane for Bodø næringsforum og BRUS at bybildet er for lite prega av engelsk!

Meir engelsk måtte til om byen skulle trekke til seg fagfolk, særlig burde også norske bruke meir engelsk i arbeidslivet.

Kan det vere derfor tilsette på utestadar i Bodø, mange frå land uten engelsk morsmål, ikkje ein gong får opplæring i ka brus, øl og vin heiter på norsk?

Med den kritikklause jubelen som norske media tok i mot verdas største krigsskip – mest sannsynlig med atomvåpen om bord i dei norske fjærsteinane – er det ikkje rart at også imperiespråket tar over i vårt land.

Engelsk er visst ikkje lenger rekna som fremmendspråk i det norske skoleverket.

Så Trettebergstuen og Borten Moe har bruk for all mulig støtte når dei vil berge norsk språk i akademia.

Men fordi dette målet har vore vedtatt av stortinget lenge, er det grunn til ein viss avmålt optimisme.


Brigt Kristensen

Powered by Labrador CMS